Katedral og visjonar
Publisert 31.03.2010
Ein vandrar ser ein dag menger av stor stein på ein stor open
plass. Ein mann står med innbitt mine og høgg på ein av dei store
steinane. Vandraren stansar og spør han kva han arbeider med.
Arbeidaren ser opp, tørkar sveitten og seier med trøytt røyst; Eg
høgg stein. Ser du ikkje det? Vandraren ser at han ikkje er
interessert i vidare samtale, og går vidare.
Litt lenger framme står ein annan mann og høgg på ein annan
stein. Han ser opp når vandraren kjem, og seier: Eg lagar ei trapp.
Det er tungt og stritt arbeid. Han bøyer seg igjen over det tunge
arbeidet og held sakte fram med seige rørsler.
Lenger framme står det endå ein mann og høgg. Det er varmt og
sveitten renn. Når vandraren nærmar seg ser han opp. Han smiler.
Kva er det med denne mannen, tenkjer vandraren. Han arbeider
med det same som dei andre. Likevel ser han så nøgd ut, og
arbeidet ser så mykje lettare ut.
Eg har ein interessant jobb, seier arbeidaren. Eg er med på å
byggja ein katedral.

HØGG DU STEIN, ELLER BYGGJER DU KATEDRALAR?

Les mer | Nyhetsarkiv
Kvardagssyndromet
Publisert 01.02.2010
Du spring, men synest aldri at du spring fort nok. Du hoppar over
hinder på hinder og tek deg sjeldan tid til rolege stunder. Det er ikkje
ein iderettsutøvar eg skriv om. Det er ein gjennomsnittleg leiar i ei lita
eller mellomstor bedrift. Det er kanskje deg. Når får du tid til
utviklingsoppgåvene? Det er dei som sikrar varig drift.

Les mer | Nyhetsarkiv
Visjon som drivkraft
Publisert 07.10.2009
Me treng visjonar for å oppnå gode resultat i arbeidsliv, organisasjonsliv og privatliv.
Korleis skal me sikra at me er på veg mot felles mål dersom me ikkje tenkjer oss inn i framtida og spør oss kva me ynskjer å finna der?

Der det finst ein ekte visjon vil menneske skapa og læra,
ikkje fordi dei vert fortalt kva dei skal gjera, men fordi dei har lyst.
Ukjent

Les mer | Nyhetsarkiv
Lystbetont endring...
Publisert 07.10.2009
Som kanskje den einaste endringsnavigatøren i verda møter eg av og til stereke skeptikarar til omgrepet endring.
"Målet kan vel ikkje alltid vera å endra?" spør du.
"På mange måtar er det det", seier eg.
Du treng ikkje setja deg mål viss det er det same kor det går, fordi det alltid skjer ei endring uansett.
Du endrar deg, organisasjonen endrar seg, samfunnet omkring deg endrar seg. Når endringsnavigatøren ber deg setja deg mål er det for at du skal kunna styra denne endringa i den retninga du og organisasjonen din ynskjer.
Anten styrer du situasjonen eller så styrer situasjonen deg. Så enkelt er det. Og så vanskeleg.

Myndiggjorte medarbeidarar
Publisert 01.07.2009
Omgrepet myndiggjering er mykje i bruk i arbeidslivet. Kva er bakgrunnen for satsing på myndiggjorte medarbeidarar?
Les mer | Nyhetsarkiv
Kundebehandling
Publisert 01.07.2009
Det er i augeblinken vi lever.
Det vi gjer akkurat no,
skapar grunnlaget for morgondagen

"Sannhetens øyeblikk" er eit kjent omgrep i teoriar kring sal og service. Gjennom dette seminaret kan du
læra metodar for god kundebehandling og få større trivsel i arbeidsdagen.

Les mer | Nyhetsarkiv
move to last record
Tilbake