 |
|
|  |
 |
 |
| |
|
Katedral og visjonar
|
|
Ein vandrar ser ein dag menger av stor stein på ein stor open
plass. Ein mann står med innbitt mine og høgg på ein av dei store
steinane. Vandraren stansar og spør han kva han arbeider med.
Arbeidaren ser opp, tørkar sveitten og seier med trøytt røyst; Eg
høgg stein. Ser du ikkje det? Vandraren ser at han ikkje er
interessert i vidare samtale, og går vidare.
Litt lenger framme står ein annan mann og høgg på ein annan
stein. Han ser opp når vandraren kjem, og seier: Eg lagar ei trapp.
Det er tungt og stritt arbeid. Han bøyer seg igjen over det tunge
arbeidet og held sakte fram med seige rørsler.
Lenger framme står det endå ein mann og høgg. Det er varmt og
sveitten renn. Når vandraren nærmar seg ser han opp. Han smiler.
Kva er det med denne mannen, tenkjer vandraren. Han arbeider
med det same som dei andre. Likevel ser han så nøgd ut, og
arbeidet ser så mykje lettare ut.
Eg har ein interessant jobb, seier arbeidaren. Eg er med på å
byggja ein katedral.
HØGG DU STEIN, ELLER BYGGJER DU KATEDRALAR?
|
|
|
|
|

Foto Ragna Flotve
|
Historia ovanfor er fritt gjenfortalt etter ei gammal soge. Den kan seia
oss mykje om kva som driv fram arbeidslyst og energi.
Det einaste konstante er endring, og der me har ein felles visjon vil
me lettare kunna møta endringane.
|
|
 |
 |
 |
| |
Kontaktinformasjon
|
 |
 |
| |
Heraklit - Endringsnavigatøren
Hjartåsvegen 24
5555 Førde i Hordaland
|
 |
 |
|
 |
 |
| |
Dagens ord
|
 |
 |
| |
Det trengst mange tankar for å halda ein av dei fast.
Stanislaw Jerzy Lec
|
| |
|
|
|
 |
 |
|
 |